Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Nødvendig endring i ferjetidene til 50 Seivika-Tømmervåg og 54 Edøya-Sandvika frå og med 29. oktober

Frå og med måndag 29. oktober blir første avgangen til ferjerute 50 Seivika-Tømmervåg endra med ti minutt på kvardagane, frå klokka 05.00 til kl. 04.50 frå Seivika ferjekai og frå Tømmervåg ferjekai kl. 05.20.

Frå 29. oktober blir også første avgangen til ferjerute 54 Edøya-Sandvika endra med fem minutt på kvardagane, frå klokka 04.45 til kl. 04.40 frå Edøya ferjekai.

Endringa i ferjetidene blir gjort for at øybuarane skal rekke det første flyet til Oslo lufthavn frå Kvernberget lufthavn.

Oppdaterte rutetider kan du finne i reiseplanleggaren, i FRAM-appen og MR Ferjerute-appen. Eller du kan finne pdf av tabellane for ferjerutene her.

FRAM Kundesenter
Telefon: 71 28 01 00

Org. nummer:
944 183 779

Opningstidene
Kvardag: 08.00-21.00
Laurdag: 09.00-18.00
Søndag: 10.00-21.00

Her kan du finne opningstidene i jula