Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

No kan du reise med Beatrice i Kristiansund

I dag og fram til siste veka i juni, vil bussen som blir køyrd på rute 807 Nordlandet-Innlandet-Øvre Bydel på dagtid (med nokre unntak) vere rosa, akkurat som Beatrice.

Vi har gått saman med Operaen i Kristiansund for å få fleire til å reise kollektivt og få merksemd rundt familiemusikalen «Syver og Beatrice et sommermysterium».

Du kan reise kollektivt til førestillingane laurdag 11. og søndag 12. juni med rutene 801, 802 eller 812, og gå av på haldeplassen kalt Goma (Kristiansund). Følg Freiveien til Småbåtlaget på Goma, det er ca. 15 minutt å gå. Du kan søke etter rutetidene i reiseplanleggaren på frammr.no og i FRAM-appen.

Du kan også ringe FRAM Kundesenter på 71 28 01 00 for informasjon om kollektivtilbodet.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00