Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

No kan du betale med Vipps i FRAM-appen

Det er no mogleg å betale med Vipps i FRAM-appen. Vipps-appen må vere installert på telefonen. Dei som ikkje Vipps frå før, må laste ned Vipps-appen frå App Store (iPhone) eller Google Play (Android).

For å kunne installere og bruke Vipps, må ein ha BankID, eit norsk betalingskort og konto i ein norsk bank. Det er også krav om norsk fødselsnummer eller d-nummer, norsk mobilnummer, e-post og folkeregistrert adresse.

Vipps skal automatisk kome fram som ein mogleg betalingsmåte i FRAM-appen. Ved billettkjøp finn du den billetten du vil kjøpe på vanleg måte og vel Vipps som betalingsmåte. Har du lagt inn eit betalingskort tidlegare, vil dette stå som standard val. Trykk på ruta for betalingsval for å få opp og velje Vipps. Du kan òg velje Vipps som føretrekt betalingsmetode under «Profil».

Når du vel å betale med Vipps, «hoppar» du ut av FRAM-appen og over i Vipps. Der bekreftar du betalinga. Når betalinga er utført, kjem du automatisk tilbake til FRAM-appen, og billetten din er betalt.

Viss ikkje Vipps kjem opp som val på din telefon må du sjekke at FRAM-appen er oppdatert. Under testing har vi og funne ut at det i nokre tilfelle er nødvendig å avinstallere FRAM-appen og installere han på nytt.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00