Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

No gjeld reisegarantien også for hurtigbåt

Det gir dei som reiser med hurtigbåten rettigheiter til alternativ transport eller refusjon av kostnadar om avgangen er forseinka eller innstilt.

Det er Kollektivtrafikkforeininga som har utarbeidd bransjestandarden for reisegaranti for hurtigbåtar i fylkeskommunal regi som no blir gjeldande i Møre og Romsdal.

- Å få på plass ein bransjestandard og reisegaranti for hurtigbåt er svært positivt for dei reisande, som får styrka rettane sine. Ein felles bransjestandard på tvers av fylka vil og føre til at kundane slepp å sette seg inn i ulike fylkeskommunale regelverk og gjer regelverket meir tilgjengeleg og slik enklare å kunne framme ein klage, seier leiar i samferdselsutvalet Kristin Sørheim.

Busspassasjerar har hatt reisegarantiordning sidan 2016.

I Møre og Romsdal blir reisegarantien for hurtigbåt innført 3. mars 2021. Nordland fylkeskommune har allereie innført reisegarantien. Det er venta at Vestland fylkeskommune gjer det same i løpet av relativt kort tid.

Her kan du finne informasjon om reisegarantien for hurtigbåt.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00