Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Nattestengt for ferjerute 36 Åfarnes-Sølsnes mellom 2. og 14. september

På grunn av arbeid ved ferjekaiene vil sambandet mellom Åfarnes-Sølsnes vere nattestengt mellom seint kvelden måndag 2. september/natt til tysdag 3. september og tidleg morgon laurdag 14. september. Eit unntak er natt til måndag 9. september.

I perioden med nattestengt vil avgangene mellom klokka 23.30 og 05.15 vere innstilte.

  • Siste avgangen frå Åfarnes vil vere kl. 23.15, og siste avgangen frå Sølsnes vil vere kl. 23.30.
  • Første avgangen frå Åfarnes vil vere kl. 05.15, og første avgangen frå Sølsnes vil vere kl. 05.30.

For natt til måndag 9. september følger ferjene dei ordinære rutetidene for sambandet.

Merk! Om arbeidet med ferjekaiene er ferdig tidlegare enn planlagt, vil ferjene begynne å følge dei ordinære rutetidene når arbeidet er ferdig.

Oppdaterte rutetider for ferjerutene kan du finne i reiseplanleggaren, FRAM-appen, MR Ferjerute-appen, i pdf-format, på sanntidsskilta på ferjekaiene eller ved å ringe FRAM Kundesenter på telefon 71 28 01 00.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00