Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Kvifor er ikkje periodebillett som inkluderer ferje blitt billigare no som passasjerar reiser gratis?

Frå 6. april blei det gratis for passasjerar å reise med ferje, men prisen på periodebillettar som inkluderer ei ferjestrekning er ikkje satt ned. FRAM har fått spørsmål om kvifor.

Grunnen er at prisen på periodebillettar heile tida har blitt berekna ut frå talet på takstsonar for buss. Berekningsmåten har vore den same uansett om periodebilletten gjaldt berre på land eller om den inkluderte ei ferjestrekning.

FRAM har altså «tatt rekninga» for ferjestrekninga når den inngår i ein periodebillett, og prisen på ein slik periodebillett har vore den same som for tilsvarande strekning utan ferje.

På kjøpskvitteringa måtte vi likevel splitte opp kjøpesummen i to delbeløp og angi ferjestrekning og det beløpet som ferjeselskapet skulle ha. Denne informasjon har eigentleg ikkje vore relevant for kunden, men var nødvendig å ha med for at FRAM skulle ha moglegheit til å betale ferjeselskapet det dei skulle ha.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00