Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Kristiansund: "drosje for buss" - FRAM Flexx - mellom Milnbergan og sentrum frå 16. oktober

Frå 16. oktober kan du reise med drosje frå Milnbergan til og frå Kristiansund sentrum til vanleg busstakst – 37 kroner for vaksne og 19 kroner for barn/honnør.

Tilbodet er ein del av FRAM Flexx-ordninga, og er ei utviding av eksisterande tilbod mellom Skorpa/Meløya og Kristiansund sentrum.

Transporten går med drosje. Drosjen køyrer til faste tider frå Skorpa/Meløya og Milnbergan til Kristiansund sentrum og til faste tider tilbake, men køyrer berre om nokon har bestilt.

Du må bestille seinast 1 time før du vil reise. Du kan bestille via nettsida til FRAM eller du kan ringe FRAM Kundesenter på telefon 71 28 0100 for å bestille.

Det går drosje ein gong i timen mellom kl. 9.00 og 16.15 på kvardagar og mellom 10.00 og 14.15 på laurdagar. Du finn informasjon om avgangstidene på nettsida til FRAM, frammr.no, under FRAM Flexx.

Vil du reise frå Skorpa/Meløya, møter du opp busshaldeplassen og blir henta av drosjen der. På Milnbergan møter du også på busshaldeplassen. I sentrum kan du be om å bli plukka opp på Alti Storkaia, Kristiansund sjukehus eller på Trafikkterminalen.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00