Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Kristiansund, Averøy, Aure: ruteendringar frå 23. august

Frå 23. august blir det fleire endringar i rutetabellane for buss i området Kristiansund, Averøy og Aure.

Averøy

  • Linje 501 Kristiansund-Bruhagen-Hoset-Kårvåg vil køyre Langveien til og frå Kristiansund trafikkterminal på alle turar. Det medfører endringar på ein del avgangstider, og det er også endring i køyretid for nokre strekningar på Averøya.
  • I samband med endringane på linje 501 er korresponderande linjer blitt justert slik at overgangane blir riktige.
  • På Bruhagen barneskole, Bodalen friskole og Utheim skole har timeplanen blitt justert. Som følge av det har nokre avgangar fått endra dagkoder (kva dagar bussen går).
  • Avgangane med linje 501 frå Bruhagen kl. 20.40 og frå Kristiansund trafikk terminal kl. 21.30 er blitt innstilt av økonomiske grunnar. Desse avgangane hadde i snitt 1-2 passasjerar per tur. 

Kristiansund

  • Linjene 801 Løkkemyra-Kristiansund lufthavn og 802 Dale-Kristiansund lufthavn har fått nye avgangstider slik at korrespondansen på flyplassen er betre.
  • Linje 807 Nordlandet-Innlandet-Øvre bydel får 5 minutt seinare avgangstid på alle turar.

    Merk! Turane via Nordlandet er tatt ut midlertidig, men dette gjeld berre så lenge det er gravearbeid i Verkstedveien. Vi reknar med at bussen kan køyre normal rute i september.

    Endringa med 5 minutt seinare avgangstid fortsett også når bussen går tilbake til normal køyrerute.

  • For linje 812 Kristiansund sentrum-Godhaugen-Storbakken-Flatøy er avgangstidene frå Kristiansund trafikkterminal litt justert mellom 10.00 og 15.00.
  • Merk her særleg at bussen til Kanestrøm har endra avgangstid og skal køyre via Bolga. 

Aure

Det er små justeringar for alle busslinjene på Aure. Justeringane skyldast endringar i timeplanen til skolane. Det er avgangstider og dagkoder som er endra. Sjå særleg linje 823 som no berre køyrer frå Ålmo til Gjerstad og så til Aure. Resten av ruta er lagt inn i den lukka skoleruta 820. 

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00