Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Kontaktlaus betaling i bussane og på hurtigbåtane

I løpet av november vil det vere mogleg å betale kontaktlaust med bankkort i alle bussane til FRAM. I bussane i Ålesund, Kristiansund og Molde, og i hurtigbåtane, kan du allereie bruke kortet på denne måten.

Enkelt å bruke

Det er enkelt og raskt -  du held berre bankkortet foran bankterminalen og kjøpet blir godkjent.

Når du bruker kontaktlaus betaling med bankkortet ditt, treng du ikkje sette kortet inn i bankterminalen eller å taste koden din for kjøp som er lågare enn 200 kroner.

Bussane er merka med klistemerke

Alle bussane som har ein bankterminal for denne måten å betale på, vil ha eit merke på døra foran og ved bankterminalen.

Kontaktlaus betaling tar kortare tid for deg og bidrar til ein meir effektiv busstur både for deg og andre. Enkelt og greitt!

FRAM Kundesenter
Telefon: 71 28 01 00

Org. nummer:
944 183 779

Opningstidene
Kvardag: 08.00-21.00
Laurdag: 09.00-18.00
Søndag: 10.00-21.00

Her kan du finne opningstidene i jula