Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Kollektivtilbodet under "The North West" og NORAD nattevandring

Under «The North West» og spesielt i samband med nattevandringa 21. april i regi av NORAD er det venta at mange vil reise kollektivt. Sidan Ellingsøytunellen er stengd frå fredag 20. april kl. 24.00 til søndag 22. april kl. 20.00, blir det ekstrabussar og ekstra hurtigbåt laurdag kveld.

The North West 

  • Generelt blir kollektivopplegget 18. – 20. april blir som vanleg, men det vil bli sett opp ekstra bussar (dublering) ved behov for kapasitetsauke på avgangane.
  • Mellom sentrum og Campus Ålesund går det 6 bussar i timen med rute 611, 618 og 624 (onsdag-fredag).
  • Frå Moa til Campus Ålesund og sentrum går det 5 bussar i timen med rute 618 og 624 (onsdag-fredag).
  • Det blir sett opp nokre ekstra avgangar mellom Kverve og Ålesund sentrum. Dei reisande bes om å bruke reiseplanleggaren på frammr.no og mobilappen FRAM for å sjekke rutetidene. Alle ekstraavgangar vil vere synlege i reiseplanleggaren og appen. 

Avslutning The North West/NORAD Nattevandring 

Ellingsøya (linje 650)

  • Det er vanleg laurdagsrute heile dagen. Statens Vegvesen tilpassar kolonnane gjennom Ellingsøytunnelen etter dette. Alle betaler barnetakst på linje 650 på dagtid.
  • Det blir sett opp 5 ekstrabussar frå Ålesund rutebilstasjon kl. 01.00. Passasjerane reiser gratis. 

Giske kommune

  • Det blir ekstra hurtigbåt frå Skateflukaia kl. 01.15 til Valderøya og frå Skateflukaia kl. 01.35 til Valderøya og Valkvæ. Passasjerane reiser gratis.
  • Alle hurtigbåtavgangar frå Godøya i tidrommet 09.50 til 20.20 går via Valderøya til Ålesund. Avgang frå Valderøya 10 minutt etter avgang frå Godøya (Valkvæ.) Alle hurtigbåtturar frå Ålesund går som normalt, dvs. Ålesund – Valderøya – Godøya.

Ellers vises det til det ordinære ruteopplegget. Det er god kapasitet på alle bussar på laurdag.

Bruk mobilappen FRAM for å finne avgangar og kjøpe billett eller søk opp reisa på reiseplanleggaren på frammr.no.

FRAM Kundesenter
Telefon: 71 28 01 00

Opningstidene
Kvardag: 08.00-21.00
Laurdag: 09.00-18.00
Søndag: 10.00-21.00