Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Kollektivtilbodet i jula og endringar 1. januar

I jula vil det vere eit redusert kollektivtilbod, og frå og med 1. januar vil prisane på billettane justere seg. Nokre av rutene vil óg vere endra frå 1. januar.

Redusert kollektivtilbod i jula

På grunn av heilagdagar og juleferie vil kollektivtilbodet vere redusert samanlikna med kva tilbodet er på vanlege verkedagar. Det er enkelt å søke etter rutetidene i reiseplanleggaren og FRAM-appen. I FRAM-appen kan du òg kjøpe billetten. Her kan du finne rutetidene for jula i pdf-format.

Justering av prisane på billettane

1. januar justerer Møre og Romsdal fylkeskommune prisane for billettane til FRAM. Justeringane følger konsumprisindeksen. Her kan du finne prisane for billettane.

Endring i rutetider

For å tilby eit samanhengande kollektivtilbod vil det bli endringar på nokre av rutene frå og med 1. januar. Du kan finne rutetidene som gjeld frå og med 1. januar i reiseplanleggaren og pdf-format her på frammr.no og ved å bruke FRAM-appen.

 

Opningstidene til FRAM Kundesenter i jula:

Julaftan 24.12.18 08.00-12.00
1. juledag 25.12.18 Stengt
2. juledag 26.12.18 10.00-20.00
Romjula  27. og 28.12.18 08.00-21.00
Romjula 29.12.18 09.00-18.00
Romjula 30.12.18 10.00-21.00
Nyttårsaftan 31.12.18 08.00-16.00
1. nyttårsdag 01.01.19 10.00-20.00

 

Her kan du finne opningstidene til FRAM Kundesenter som pdf.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00

Merk! Heilagdagane.