Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Kollektivtilbodet blir redusert frå 14. april

På bakgrunn i at myndigheitene gjekk ut 7. april med at koronatiltaka skal fortsette å gjelde etter påske, blir kollektivtilbodet i Møre og Romsdal redusert frå 14. april.

Vi har no fått ein god del erfaringar gjennom om lag ein månad med koronatiltak. Vi ser at talet på reisande er svært lågt, og må derfor tilpasse tilbodet ytterlegare frå 14. april.

Bruk reiseplanleggaren for oppdatert ruteinformasjon

Vi oppmodar publikum til å bruke reiseplanleggaren på frammr.no og inne i FRAM-appen for å finne oppdatert ruteinformasjon. Det er òg mogleg å ringe FRAM Kundesenter på telefon 71 28 01 00 for å få ruteopplysingar.

Bussane

Etter påske vil bussane køyre med det tilbodet som normalt gjeld på sommaren og skolefri, med nokre få unntak.

I Ålesund, Giske og Sula vil bussane køyre med tilbodet som på sommaren, med unntak av rute 633/634 Moa-Lerstad-Sentrum-Akvarium som vil køyre til/frå Osane og ikkje til/frå Atlanterhavsparken.

I Kristiansund, Averøy, Aure og Smøla vil bussane òg køyre som på sommaren, men med nokre unntak. Publikum bør vere ekstra merksame på å sjekke endringane for rutene 811 Kristiansund-Bolga-Flatøy, 812 Kristiansund-Kvalvåg-Flatøy, 821 Kristiansund-Tustna-Aure får nokre korrigerte avgangar på grunn av at B-ferja er tatt ut, rutene 831 Veiholmen-Hopen-Nordvika-Straumen-Edøya og 832 Hopen-Straumen får nokre færre avgangar på grunn av hurtigbåten. Mellom Kanestraum og Kristiansund vil bussen køyre som på skoledagar.

For rute 901 FRAM Ekspress Kristiansund-Oppdal blir delstrekninga mellom Sunndalsøra og Oppdal teken ut på avgangane kor toget frå Oslo er innstilt.

I Molde, Gjemnes, Hustadvika og Aukra vil òg bussane køyre med tilbodet som på sommaren.

For Rauma, Vestnes og Skåla vil alle rutene køyre som ved dagar med skolefri.

For Sunnmøre nord vil rutene køyre som ved dagar med skolefri, med unntak av rutene 230 Brattvåg-Ålesund, 231 Brattvåg-Skjeltene-Brattvåg, 233 Nogva-Haram-Austnes og 237 Skodje-Ålesund som vil bli køyrt med eit rutetilbod som på sommaren.

For Sunnmøre sør vil rutene òg køyre som ved dagar med skolefri, med unntak av rute 250 Ålesund-Sykkylven-Stranda-Hellesylt-Stryn som får endringar på to avgangar.

Hurtigbåtane

Når det gjeld hurtigbåtane vil det bli redusert i avgangane for rute 23 Langevåg-Ålesund. På kvardagane vil hurtigbåten gå som vanleg fram til og med avgangen klokka 08.00 frå Langevåg. Etter dette blir det avgangar kvar heile time frå Langevåg fram til og med kl. 15.00. Frå og med kl. 15.30 blir det vanlege avgangar resten av dagen. På laurdagar blir avgangane innstilte. I tida det ikkje er eit tilbod med hurtigbåten kan publikum reise alternativt med bussen på strekninga Langevågen-Moa-Ålesund.

For hurtigbåten 39 Molde-Vestnes-Sekken vil avgangane frå Molde i perioden mellom klokka 07.50 og kl. 15.30 vere innstilte. I tida det ikkje er eit tilbod med hurtigbåten kan publikum reise alternativt med ferje over fjorden.

Ferjene

For fylkesvegferjene vil det i tillegg til reduksjonane som allereie gjeld, bli færre avgangar frå formiddagen og ut kvelden for rutene 02 Årvika-Koparneset, 16 Standal-Trandal (avgangar på signal), 30 Solholmen-Mordalsvågen, 31 Aukra-Hollingsholmen og 46 Kvanne-Rykkjem etter påske.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00