Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Kollektivtilbod til og frå Ørsta/Volda lufthamn frå 23. august

Frå 23. august 2021 blir det mogleg å reise kollektivt til og frå Ørsta-Volda Lufthamn, Hovden. Det blir ordinær bussteneste på dagtid og bestillingstransport morgon, kveld og helg. 

Rutebuss på dagtid på kvardagar

Det er lokalrutene 338 Volda-Ørsta-Ulsteinvik og 340 Ørsta-Volda som vil køyre til og frå flyplassen når det er bussavgangar som passar med flytidene.

Merk! Det vil bli nokre justeringar av bussrutene. Reiseplanleggaren på nettsida viser oppdatert reiseinformasjon, og nye tabellar er lagt ut under Rutetabellar.

FRAM Svipp med drosje når det ikkje går buss – til busstakst

Til dei avgangane og ankomstane det ikkje går rutebuss, blir det mogleg å bestille FRAM Svipp, som er FRAM si nye ordning for bestillingstransport. Tilbodet til/frå Hovden er eit pilotprosjekt for å teste ut det nye systemet.

Med FRAM Svipp blir du henta heime og køyrt til flyplassen – eller frå flyplassen og heim, og du betaler det same som det ville koste å ta buss. Transporten går med drosje, og det kan vere fleire med i drosja. Du betaler til sjåføren.

Tilgjengeleg for sentrumsnære område

Tilbodet blir tilgjengeleg for definerte, sentrumsnære soner i Ørsta og Volda kommune, det vil seie at plassen du skal køyrast frå eller til, må ligge innanfor dei definerte sonene. FRAM vil kome med nærare informasjon om sonene før oppstart 23. august

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00