Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Innstilt hurtigbåt på Smøla: endring i rutebusstilbodet frå 19. mars

Hurtigbåten mellom Edøy (Smøla) og Kristiansund er innstilt fram til hurtigbåtkaia er reparert. Frå tysdag 19. mars vil det derfor bli nokre endringar i rutebusstilbodet på Smøla (Veiholmen og Hopen) slik at dei reisande som normalt tek hurtigbåt skal kunne komme seg til/frå Kristiansund.

Reisemoglegheiter frå Smøla

  • Avgangen for rute 831 frå Veiholmen og Hopen er flytta 10 minutt fram. Veiholmen frå klokka 05.50 til 05.40, og Hopen frå kl. 06.05 til 05.55.
  • Avgangen for rute 832 frå Hopen er også flytta 10 minutt fram, frå kl. 05.50 til 05.40.

Reisemoglegheiter frå Kristiansund

  • Reisande kan reise med rute 821 Kristiansund-Aure til Sandvika ferjekai for deretter å ta 831-bussen frå Edøy.
  • Frå Edøy til Hopen er nokre av avgangane til bussen flytta fram med 10 og 15 minutt, sjå eigen rutetabell.

 

Du finn rutetabellen med oversikt over alle endringane her.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00