Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Ingen auke i takstsoner på FRAM sine ferjer

Fylkestinget har vedtatt at det ikkje blir auka takstsoner på fylkesvegsambanda i Møre og Romsdal frå 1. januar 2021.

I administrasjonen sitt forslag til økonomiplan var det foreslått at alle ferjestrekningar skulle få påslag på ei takstsone.

- Fylkestinget meiner det er heilt nødvendig at vi ikkje påfører næringsliv- og samfunnsliv store meirkostnader no, særleg på grunn av den ekstraordinære situasjonen i kjølvatnet av koronapandemien. Fylkestinget har difor vedteke at denne takstauken ikkje skal gjennomførast, seier leiar i samferdselsutvalet, Kristin Sørheim.

Vidarefører AutoPASS-regulativ

Betaling med skiltgjenkjenning førte til innføring av det såkalla AutoPASS-regulativet som grunnlag for billettprisane på ferjene i april i år. Da blei det slutt på passasjerbetaling, som igjen gjorde at takstane på køyretøy auka. Fylkestinget har vedtatt at AutoPASS-regulativet skal vidareførast på fylkesvegferjene i Møre og Romsdal.

Same regulativ på alle ferjestrekningar

I april vart det innført 20 prosent rabatt på alle ferjesamband i Noreg som ein følgje av koronapandemien. På dei statlege ferjene fall denne rabatten bort 1. juli 2020. Fylkestinget i Møre og Romsdal fylkeskommune vidareførte denne rabatten ut 2020. Frå 1. januar fell denne rabatten bort også på fylkesvegferjene slik at det blir det same prisregulativet på både statlege og fylkeskommunale ferjesamband i Møre og Romsdal.

Priskalkulator for ferje

Informasjon om alle billettprisar ligg her på frammr.no. Her ligg det også priskalkulator med oppdaterte takstar frå 1. januar 2021. Der er det lagt til grunn at det årlege generelle påslaget for kostnadsauke blir på 3,2 prosent.

I budsjettforliket i Stortinget er det lagt til grunn at den reduserte meirverdiavgifta på seks prosent blir vidareført fram til 1. juli neste år. Sjølv om dette ikkje er formelt vedtatt er det lagt til grunn i priskalkulatoren.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00