Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Hurtigbåtrute 23 Langevåg–Ålesund: fartøy ute av drift 17. november

Boreal Sjø AS som drifter hurtigbåtrutene i fylket har to fartøy som er ute av drift tysdag 17.11.20.

Når det gjeld Langevågsruta er det lagt ned mykje arbeid for å finne eit fartøy med tilsvarande kapasitet som hovedfartøyet, men einaste fartøy som var disponibelt frå tysdag morgon av var Nordic Lady. Det er ikkje ønskeleg med eit så lite fartøy på denne ruta, særleg ikkje med tanke på koronasituasjonen, men alternativet har vore å innstille ruta.

Servicepersonell vil vere på plass i hovudfartøyet i ettermiddag og vi håpar å ha dette på plass for Langevågsruta frå onsdag morgon av. Vi ber reisande følgje med på trafikkmeldingar frå operatør og her på nettsida til FRAM.

Oppfordrar til å finne alternative reisemåtar

På grunn av sterkt redusert kapasitet på Langevågsruta, oppfordrar vi reisande til å finne alternative reisemåtar for resten av tysdagen.

Bruk periodebilletten for hurtigbåt på bussen

Vi minner om at reisande med periodebillett på hurtigbåten kan bruke billetten på rutebussen mellom Ålesund og Langevåg i situasjonar som dette. Dersom det er reisande med periodebillett som har betalt for enkeltbillett på buss, kan du kreve å få denne refundert. Kravet om refusjon kan du sende til FRAM Kundesenter saman med dokumentasjon for gyldig periodebillett for hurtigbåt og enkeltbillett kjøpt på bussen.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00