Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Hurtigbåtruta Molde-Vestnes-Sekken blir lagt ned frå 1. januar

Hurtigbåtruta mellom Molde, Vestnes og Sekken blir lagt ned frå 1. januar 2021.

Nye ferjer med større kapasitet

Frå årsskiftet blir tilbodet på riksvegsambandet Molde-Vestnes bedra, med 20 minuttars frekvens på dagtid. Dei nye ferjene har større passasjerkapasitet enn dei som trafikkerer sambandet i dag, noko som gjer at dei har kapasitet til å ta med reisande som tidlegare nytta hurtigbåten over Romsdalsfjorden. Samstundes blir også overfartstida i ferjesambandet redusert til 33 minutt. For reisande utan bil er ferjereisa som følge av AutoPASS for ferje, gratis.

Ny ferjeavgang frå Sekken

Arbeidspendlarar busette på Sekken som tidlegare har brukt hurtigbåten til arbeid på morgonen vil frå 1. januar få eit nytt tilbod med ferje. Frå da av blir første ferjeavgang frå Sekken kl. 06.10. Denne avgangen forutset at Kystverket er ferdig med oppmerkinga av Hjertøysundet til denne datoen.

Innfartsparkering og utvida busstilbod mellom Vestnes sentrum og ferjekaia

Det er få parkeringsplassar på Furneset ferjekai. FRAM anbefaler derfor at dei som er avhengige av bil, parkerer i Vestnes sentrum. 

Busstilbodet mellom Vestnes sentrum og Furneset blir forsterka frå 1. januar 2021. Dei fleste avgangane med lokalbuss på Vestnes vil køyre til/frå Furneset. Som eksempel kan vi nemne at det til ferjeavgangen kl. 07.30 frå Vestnes køyrer fire bussar frå Vestnes sentrum til Furneset. I tillegg er FRAM Ekspress rute 100 Ålesund-Molde-Kristiansund med ferja kvar time mesteparten av dagen.

Informasjon om rutetilbodet vidare frå Molde ferjekai er det enklast å finne ved ved å bruke reiseplanleggaren på frammr.no. Her finn dei reisande og informasjon om prisar og eventuelle forseinkingar. 

Elevar på Romsdal vgs og Molde vgs

Om morgonen blir det bussavgang frå Vestnes hurtigbåtkai kl. 0715 og 0720 til Furneset ferjekai. Når ferja kjem til Molde, står det to bussar på ferjekaia som køyrer direkte til Romsdal vgs til skolestart kl. 0820. Desse bussane er merka "Skolerute Romsdal vgs".

Ved skoleslutt vil to av skolebussane frå Romsdal vgs køyre via ferjekaia, slik at elevane har god tid til å rekke ferja kl. 1510. Desse bussane vil vere merka "Sentrum via ferjekaia". På Furneset er det bussavgang kl. 1545 til Vestnes hurtigbåtkai. Elevar til Vågstranda og Måndalen bytter buss på Vestnes hurtigbåtkai.

For Molde vgs blir ruteopplegget det same på Vestnes-sida, men elevane må gå mellom ferjekaia og skolen. Molde vgs har endra skoleslutt til kl. 1500 slik at elevane skal rekke ferja kl. 15.10.

For informasjon om rutetilbodet

For rutetider og informasjon om kollektivtilbodet i fylket, bruk reiseplanleggaren på frammr.no, FRAM-appen, eller ring FRAM Kundesenter på 71 28 01 00.

Rutetilbod på buss Vestnes-Furneset frå 1. januar 2021

Ferjetilbod Molde - Vestnes frå 1. januar 2021

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00