Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Hurtigbåt frå Ålesund heilt til Alnes

Frå 1. juni blir det mogleg å reise med hurtigbåt frå Skateflukaia heilt til Alnes fyr (Alnes hurtigbåtkai) tre gongar dagleg. Dette gjer det enklare å reise til og frå Alnes i perioden med stengde tunnelar og kolonnekøyring.

Tilbodet gjeld frå 1. juni til og med 31. august, men ikkje når tunnelane er opne (7. juli – 22. juli). 

Hurtigbåt til/frå Alnes hurtigbåtkai (Alnes fyr)  
Gjeld i periodane 01.06-06.07 2018 og 23.07-31.08 2018*  
     
Frå Skateflukaia (Ålesund hurtigbåtkai)  
måndag-fredag laurdag søndag
09.55 10.05 10.45
13.30 14.05 13.30
17.30 17.05 18.05
     
Frå Alnes hurtigbåtkai (Alnes fyr)    
måndag-fredag laurdag søndag
11.00 10:40 11.40
14.20 14.40 14.35
18.40 18.15 19.00
     
* I perioden 07.07-22.07 er tunnelane opne og det går buss mellom Ålesund og Alnes.

Utanom dei tre avgangane som går til/frå Alnes med båt, er det sjølvsagt mogleg å reise med båt til Valkvæ og buss vidare til Alnes. Sjå FRAM-appen eller reiseplanleggaren på frammr.no for oversikt over alle avgangar.

Merk! I den perioden tunnelane er opne (07.07-22.07) er det ordinære bussruter mellom Ålesund sentrum og Alnes. Sjå mobilappen FRAM eller reiseplanleggaren på frammr.no for oppdatert reiseinformasjon.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00

Merk! Heilagdagane.