Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Hurtigbåt Godøya og nattbuss til Valderøy/Vigra: endringar frå 1. mars

Frå 1. mars (natt til 2. mars) blir det slutt på nattestenging av Ellingsøy- og Valderøytunnelen frå kl. 24.00 til kl. 04.30. Dette fører til endringar i nokre av avgangane til hurtigbåten frå Godøya.

Endringar for hurtigbåten frå Godøya frå 1. mars

  • Det vil framleis vere nattavgangar natt til laurdag og natt til søndag. Elles i veka blir nattavgangane innstilt.
  • Avgang frå Godøya kl. 01.20 natt til laurdag og 00.55 natt til søndag blir endra til kl. 02.15 med ankomst Skateflukaia kl. 02.35.
  • Avgang frå Godøya kl. 06.05 søndag blir endra til 05.55.
  • Avgang frå Godøya kl. 08.10 på kvardagar blir endra til 08.15. Bussavgang frå Skateflukaia kl. 8.30.

 Følgande hurtigbåtavgangar vil ikkje gå frå natt til 2. mars:

  • 01.20 natt til tirsdag-fredag
  • 02.45 natt til tirsdag-laurdag
  • 02.40 natt til søndag
  • 00.05 natt til mandag
  • 01.20 natt til mandag
  • 02.45 natt til mandag

(Dvs. alle avgangar som er markert med fotnote a, b, c eller d i ruteheftet som ligg på frammr.no.)

Kolonnekøyring

Frå midnatt til halv fem om morgonen blir det kolonnekøyring kvar heile time frå Ålesund og kvar halve time frå Valderøya, fortel assisterande prosjektleiar Arne Ola Stavseng.

Kolonnane går frå Ålesund kl. 01.00, 02.00, 03.00, 04.00 og frå Valderøya kl. 00.30, 01.30, 02.30, 03.30.

Elles blir trafikkavviklinga som før, kolonnekøyring med inntil 20 min ventetid frå kl. 20.00-24.00 og 04.30 til 06.00. Tunnelane er open på dagtid får kl. 06.00-20.00.

Sjå Vegvesenet sine nettsider for detaljar om kolonnetider og kor tid tunnelane er heilt opne om natta.

Nattbuss

Nattbussen til Valderøy-Vigra vil starte opp igjen frå 1. mars. Ved kolonnekøyring går nattbussen natt til søndag kl. 01.50 frå rutebilstasjonen. I periodar der tunnelen er heilt open (påske og ein periode i sommar) går det nattbuss natt til søndag kl. 01.30 og 02.30 frå rutebilstasjonen.

FRAM Kundesenter
Telefon: 71 28 01 00

Opningstidene
Kvardag: 08.00-21.00
Laurdag: 09.00-18.00
Søndag: 10.00-21.00