Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Har du høyrt om Travel like the locals?

Travel like the locals – eller «reis som dei lokale» på godt norsk – er ferdig planlagde turar med offentleg transport. Du slepp å finne ut kor og kva tid du må bytte buss, båt og ferje – enkelt, ikkje sant? Du kan kjøpe billett på nettsida tltl.no, og får billett, ei turbeskriving og god oversikt over reiseruta di. 

Opplev fylket i ro og mak på våre ferdig planlagde turar med buss, hurtigbåt og ferje

Enten du bur i Møre og Romsdal eller skal besøke oss i sommar, er Travel like the locals-turane eit godt alternativ for deg som ikkje har bil eller som heller vi sjå på utsikta enn å køyre.

Med utgangspunkt i Geiranger, Hellesylt, Ålesund, Fosnavåg, Molde, Åndalsnes, Kristiansund og Smøla kjem du deg til mange av dei flottaste stadane i fylket med turane våre. Du kan besøke Geiranger, Trollstigen, Atlanterhavsvegen og Ona. Du kan ta buss til tur til Midsundtrappane eller Trollstigen, besøke fuglefjellet på Runde, stavkyrkja på Kvernes og mykje, mykje meir.

Få guiding på turen med Voice of Norway

Til mange av turane våre har vi fått lage ein Voice of Norway-guide. Voice of Norway brukar GPS-teknologien i mobiltelefonen for å gi deg stadbasert informasjon på turen. Informasjonen blir gitt i form av opplesing, bilde, tekst og lenker. Du finn informasjon om korleis du laster ned guiden til din tur på turbeskrivinga du får når du bestiller.

På denne nettsida kan du lese meir om turane – og bestille.

Det finns og Travel like the locals-turar i Vestland fylke.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00