Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Haldeplassane ved Seivikakrysset og flyplasskrysset i Kristiansund blir endra f.o.m. 19. mars

Frå og med måndag 19. mars vil haldeplassen ved flyplasskrysset i Kristiansund ikkje lengre vere i bruk på grunn av vegarbeid i området. I tillegg vil haldeplassen ved Seivikakrysset berre bli brukt til av-/påstiging for bussane, og overgangen mellom bussen og drosje til/frå flyplassen i Kristiansund vil bli flytta til drosjestoppet ved Futura frå same dato.

Mellom Futura og flyplassen vil drosje køyre for rutene FRAM Ekspress 100 Volda-Ålesund-Molde-Kristiansund, 901 Oppdal-Sunndalsøra-Kristiansund, 905 Trondheim-Kristiansund og 821 Aure-Tustna-Kristiansund. Be sjåføren om å bestille overgang, du betalar berre ordinær busstakst for drosjen.

Frå flyplassen i Kristiansund kan du reise med rute 802 Dale-Lufthavna-Vikan til haldeplassen ved Futura for overgang til eventuelt anna rute frå og med 19.03.18. Rutene 821, 901 og 905 vil ikkje køyre frå flyplassen.

FRAM Kundesenter
Telefon: 71 28 01 00

Opningstidene
Kvardag: 08.00-21.00
Laurdag: 09.00-18.00
Søndag: 10.00-21.00