Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Frivillig passasjerregistrering på FRAM Ekspress og enkelte hurtigbåtruter

FRAM legg no til rette for at passasjerar på FRAM Ekspress og dei lengste hurtigbåtrutene kan registrere seg som passasjer på reisa. Tenesta skal bidra til enklare smittesporing viss det i etterkant blir oppdaga at det har vore passasjerar med smitte om bord på bussen eller båten. Registrering er frivillig.

Passasjerane registrerer seg ved å sende ein SMS (tekstmelding) til telefonnummer 1901 med kodeordet FRAM og den unike IDen til bussen (eit nummer) eller båten (båtnamnet). Bussnummeret eller båtnamnet finn passasjerane på plakatar om bord på bussen eller båten. Passasjeren får så ei svarmelding med lenke til ei registreringsside.

På registreringssida fyller den reisande ut namn og telefonnummer, viss det ikkje kjem opp automatisk. Viss det er fleire som reiser saman (familie/gruppe), er det nok at ein av medlemane i gruppa registrerer seg og angir kor mange som er i reisefølget.

Opplysningane vil berre bli utlevert til lokal helseteneste ved behov for smittesporing. Etter ti dagar blir opplysningane sletta.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00