Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Frå 11. og 18. oktober blir det endringar for nokre av rutene i Kristiansund, på Averøy og på Aure

Det blir endringar for nokre av avgangane til bussane i Kristiansund, på Averøy og på Aure frå måndagane 11. og 18. oktober 2021.

Dette gjeld for:

Rute 504 Sandøy-Hasseløy-Langøy

På avgangen klokka 15.00 frå Ba treng du å bestille avgangen på Sandøy på skolefrie dagar frå 11. oktober.

Rute 506 Sveggen

På alle avgangane vil ruta snu på haldeplassen Sveggesundet frå 18. oktober, bussen vil ikkje køyre heilt til Sveggen kai lenger.

Rute 801 Løkkemyra-Kristiansund lufthavn

Frå 18. oktober vil bussen køyre Verkstedveien mot flyplassen når Algeaveien stenger i den eine retninga.

Rute 812 Kristiansund sentrum-Godhaugen-Storbakken-Flatøy

Frå 18. oktober blir det ny avgang på bestilling kl. 07.25 frå Frei skole til Flatøy og kl. 07.15 frå Flatøy til Frei skole på skoledagar.

Det blir òg avgangar alle kvardagar kl. 13.15, 14.15 og 23.15 frå Flatøy til Frei skole frå 18. oktober som du må bestille.

I tillegg blir det avgangar kl. 15.15 og 16.15 frå Flatøy til Frei skole frå 18. oktober som vil køyre alle kvardagar (ikkje på bestilling).

Frå 18. oktober vil bussen køyre Verkstedveien mot Frei på søndagar når Algeaveien stengar i den eine retninga.

Rute 813 Rensvik-Bjørnvik

Det blir ein avgang kl. 13.45 frå Rensvik skole via Nedre Bolga til Bjørnvik og retur kl. 14.02 frå Bjørnvik til Rensvik skole via Vadsteinsvikkrysset frå 18. oktober.

Rute 821 Kristiansund-Tustna-Aure-Kjørsvikbugen

Frå 18. oktober vil bussen køyre Verkstedveien mot Aure når Algeaveien er stengd i den eine retninga.

Rute 829 Årvåg-Aure

Avgangen kl. 13.30 frå Aure begynner å køyre likedan på alle skoledagar frå 18. oktober. Ingen avvikande trasé (omveg rundt Ulvsnes) på torsdagar og fredagar lenger.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00