Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Frå 1. juli blir det gratis ferje på åtte samband i fylket

For åtte ferjesamband i fylket blir det gratis å reise på heile eller delar av strekninga frå og med fredag 1. juli 2022.

Det gjeld ferjesambanda:

  • Arasvika-Hennset
  • Molde-Sekken
  • Småge-Orta-Finnøya-Sandøya-Ona
  • Festøya-Hundeidvika
  • Sæbø-Leknes
  • Standal-Trandal-Sæbø-Skår-Valderøya-Store Kalvøy
  • Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya. Merk! Reiser mellom Åram og Larsnes vil ikkje vere gratis.
  • Brattvåg-Dryna-Fjørtofta-Harøya. Merk! Reiser til og frå Dryna vil ikkje vere gratis.

Bakgrunnen for innføringa av gratis ferjereiser er at regjeringa vil leggje til rette for busetting og utvikling langs kysten. Dei ønsker ei ordning med gratis ferje til øyer og i ferjesamband med lite trafikk, det vil si samband med færre enn 100.000 reisande per år.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00