Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Frå 1. januar blir det nye takstreglar og billettar for bussane og hurtigbåtane

Måndag 9. november vedtok samferdselsutvalet i Møre og Romsdal nye takstreglar, billettypar og prisar for bussane og hurtigbåtane til FRAM i 2021. Dette er dei viktigaste endringane:

Takstreglane

  • Barn blir rekna frå 6 år til 17 år. Tidlegare har aldersgrensa for barn vore frå 4 år.
  • Vaksen blir rekna frå 18 år til 67 år. Tidlegare har aldersgrensa for vaksen vore frå 16 år.

Billettane

  • Prisen for enkeltbillett til vaksen og student blir auka til 39 kroner i 1. sone, 44 kroner i 2. sone og 50 kroner i 3. sone (opp med to kroner). Prisen for enkeltbillett til barn og honnør blir auka til 20 kroner for 1. sone, 22 kroner for 2. sone og 25 kroner for 3. sone (opp med ei krone). 4. sone og oppover blir som i dag.
  • Periodebillett for 24 timar, som er basert på talet soner du reiser gjennom, er ein ny billett for vaksen, barn og honnør.
  • Periodebillett for 7 dagar, som er basert på talet soner du reiser gjennom, er ein ny billett for vaksen, barn og honnør.
  • Periodebillett for 15 dagar fell bort.
  • Prisane for periodebillettane for 30 dagar, som er basert på talet soner du reiser gjennom, blir reduserte med 25-30 prosent.
  • Prisane for periodebillettane for eit gitt område i 30 dagar blir auka.
  • I Ålesund, Giske og Sula blir områdebilletten for student erstatta av andre billettar for studentane, som FRAM Student. Den kostar 500 kroner for 30 dagar og du kan reise med buss, hurtigbåt og fylkesvegferjer i heile fylket.
  • Betaling for sykkel fell bort. Sjåføren bestemmer om det er ledig om bord til sykkelen på avgangen.
  • Prisane for billettane på hurtigbåtane blir som i dag.
  • Merk! Prisane som skal gjelde for billetteringa på fylkesvegferjene er ubestemte inntil vidare (skal opp i fylkestinget).

Om bord-tillegg

  • Kjøper du enkeltbillett om bord på bussane og hurtigbåtane med bankkort eller kontantar, blir det lagt til eit om bord-tillegg på 10 kroner for vaksen og student og 5 kroner for barn, honnør og militær.

 

Her kan du finne prisane på billettane som gjeld frå 01.01.21.

Her kan du finne prisane på billettane og takstreglementa som gjeld i dag.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00