Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

For framleis opne framdører - hald avstand!

For at vi skal kunne halde framdørene i bussane opne, må reisande halde avstand til sjåfør og andre reisande ved påstigning.

Opne framdører på bussane gjer det enklare å kjøpe og lese av billett og det gir betre flyt i bussen. Med påstiging framme og utgang bak møtast ikkje passasjerane ansikt til ansikt på veg inn og ut av bussen, noko som reduserer smitterisikoen.

Etter at vi opna framdørene 10. august har vi dessverre fått tilbakemelding frå sjåførar på at dei reisande ikkje er flinke til å halde avstand. Det er trengsel ved påstigning og enkelte respekterer ikkje markeringa som er satt opp for avstand til sjåfør.

Vi ber om at alle reisande tar smitterisikoen på alvor og passar på å halde avstand ved påstigning - både til sjåfør og andre reisande som ventar.

Hugs at utan friske sjåførar, stoppar kollektivtrafikken!

Det er og mange som er avhengige av å reise kollektivt til jobb og skole. Hjelp til slik at ingen av desse blir smitta!

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00