Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Flybusstilbodet til/frå Ålesund Lufthamn Vigra blir kommersielt frå 1. januar 2020

Ei endring i Yrkestransportforskrifta opnar for at kommersielle aktørar kan drive flybuss til/frå Ålesund lufthamn Vigra. Som ein konsekvens av dette blir flybusstilbodet i regi av FRAM avvikla med effekt frå 01.01.2020.

Det er 3 selskap som har fått løyve til å køyre bussrute til/frå flyplassen:

  • Vy Buss AS
  • Sula Rutelag AS
  • Ålesund Turvogn Service AS

Desse selskapa starter opp drifta frå 01.01.2020 på strekningane Moa-Ålesund sentrum – flyplassen og Valderøy HB-kai-flyplassen. Når det gjelder ruteoppsett, eventuelle avviksmeldingar og prisar, viser vi til heimesidene til desse selskapa og til den nasjonale reiseplanleggjaren til Entur på en-tur.no.

Rutetidene på hurtigbåten Hareid-Ålesund-Valderøya blir uendra. Båten venter som tidlegare inntil 5 minutt på buss/bussane på Valderøya hurtigbåtkai.

Det har ikkje vore høve å stille krav om at dei kommersielle aktørane skal bruke same billettsystem som FRAM. Det vil derfor dessverre ikkje vere mogleg å kjøpe billett som inkluderar både flybuss og hurtigbåt eller ordinær buss frå FRAM.

I samband med endringa i flybusstilbodet frå 01.01.2020 endrar FRAM tur/retur-billettane til å gjelde til og med 31.12.2019. Passasjerar som allereie har kjøpt tur/retur-billett og ikkje får brukt denne før nyttår, må kontakte FRAM Kundesenter for refusjon av retur-billetten. Her kan du finne kontaktinformasjonen til FRAM Kundesenter.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00