Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Fleire avgangar i ferjesambandet Kvanne-Rykkjem frå onsdag 5. mai

Møre og Romsdal fylkeskommune endrar ferjeruta for Kvanne-Rykkjem slik at det blir fleire avgangar. Det skjer etter dialog med Surnadal og Sunndal kommunar og Hydro. Etter ei vekes erfaring med 18 minutts overfartstid blir også overfartstida redusert med tre minutt.

Kortare overfartstid
Grunnen til at vi auka overfartstida i utgangspunktet var at vi måtte hindre meir utvasking av sjøbotnen på Rykkjem ferjekai, som i verste fall kunne føre til ei langvarig stenging av sambandet. No ser vi at ferjene kan legge til med mindre motorkraft på kortare overfartstid og da gjer vi sjølvsagt endringa, seier teamleiar for FRAM, Olav Arne Vatne i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Fleire avgangar
I samråd med kommunane og Hydro blir det også sett inn til saman seks fleire avgangar, to på morgonen, to på ettermiddagen og to på kvelden.

Dei nye rutetidene gjeld frå onsdag 5. mai. 

Reiseplanleggaren på frammr.no og i FRAM-appen er oppdatert og viser riktige tider. Her kan du finne rutetidene som eit dokument.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00