Avgang frå Årvika kl. 23.30 og frå Kopnarneset kl. 23.45 blir sett i trafikk igjen frå måndag 8. mars. Det fører til ei justering på rutetidene i siste avgang i ferjesambandet Larsnes–Åram–Voksa–Kvamsøya.
Oppdaterte rutetider finn du på frammr.no i reiseplanleggaren og under Ruter>Ferje, og i FRAM-appen.
Samferdselsutvalet har vedtatt at tilskotet frå staten på 5,273 mill. kr til el-ferjer skal gå til fleire avgangar i fire ferjesamband i Møre og Romsdal i 2021.
Sidan løyvinga er retta mot elferjedrift blir tilskotet brukt til å reversere kutt i rutetilbodet i ferjesamband som har eller får miljøferjer. Trafikkmengd, trafikksamansetning og samfunnsnytte er også lagt til grunn for vurderinga.
Tilskotet frå staten gjeld berre for 2021. Om endringane skal førast videre må det innarbeidast i komande budsjett og økonomiplan.
Rute 06 Hareid-Sulesund
C-ferja blir sett inn igjen seks veker i sommar.
Rute 31 Aukra-Hollingsholmen
Avgang frå Hollingsholmen 13.15 og Aukra 13.30 er allereie satt i trafikk igjen.
Rute 36 Sølsnes-Åfarnes
Forlenga periode med to ferjer på laurdagar og søndagar i sambandet frå 3 månader til 8 månader i 2021.
FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00
Org.nummer
944 183 779
Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00