Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Ferje Molde-Vestnes: Nattavgangar mellom Hollingsholm og Vestnes i januar

På grunn av arbeid med elektrifisering på Molde ferjekai, vil ferjene gå mellom Vestnes og Hollingsholm frå klokka 23.45 til 04.00 i perioden 10. januar til natt til 26. januar.

Unntaket er natt til søndag og natt til måndag. Då går ferjene som normalt mellom Molde og Vestnes.

På grunn av skifte av kai vil desse avgangane bli kansellert måndag til laurdag frå 10. til 26. januar:

  • Kl. 22:45 frå Vestnes
  • Kl. 04:30 frå Molde

Det blir satt opp taxi for reisande utan bil mellom Molde ferjekai og Hollingsholm ferjekai.

Rutetabell for perioden 10. til 25. januar og avgangstider for taxi er tilgjengeleg under Rutetabellar>Ferje.

Vi gjer merksam på at siste avgang frå Hollingsholm er kl. 04.00 måndag til laurdag frå 10. til 26. januar.

Overfarten Hollingsholm–Vestnes er berekna til 45 minutt. Berekna omkøyringstid frå Molde ferjekai til Hollingsholm ferjekai er 18 minutt.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00