Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Ferje Kvanne-Rykkjem: endring i rutetidene frå 24.april

Dykkarinspeksjonar har kartlagt at utvaskinga av sjøbotnen på Rykkjem ferjekai aukar. Frå laurdag 24. april får sambandet derfor lengre overfartstid, slik at ferja kan bruke mindre motorkraft og lågare fart for å legge til kai. Det skal minske belastninga på sjøfyllinga fram til ho er sikra. 

Færre avgangar

Konsekvensen av at ferja skal bruke lengre tid over fjorden en periode er at det blir færre avgangar i sambandet. Møre og Romsdal fylkeskommune er allereie i gang med utbetring av kaia på Rykkjem. I tillegg startar første del av sikringa på Kvanne ferjekai i juni. Perioden med færre avgangar i sambandet vil vare ut juni. 

Rutetider 24. april - 30. juni

Dei nye rutetidene er tilpassa avgangstidene for bussane som trafikkerer sambandet. Her finn du rutetidene for Kvanne-Rykkjem som gjeld frå 24. april.

Merk! Det ble gjort nokre endringar i den midlertidige rutetabellen 23. april for betre tilpassing til skiftordningane hos Hydro på Sunndalsøra.

Normale ruter i juli

I juli blir det igjen vanleg rutetilbod i sambandet. I august startar sikringa av sjøbotnen på Kvanne ferjekai som gjer at det er nødvendig stenging av sambandet frå kl. 21 i tre veker. Når dette arbeidet er ferdig, har begge kaiene blitt betydeleg utbetra.  

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00