Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Ferje 50 Seivika - Tømmervåg: redusert rutetabell ut mars

Dårleg vêr gjorde at arbeidet på kaiene i ferjesambandet Seivika-Tømmervåg vart innstilt i 20 netter i januar og februar. Arbeidet fortsett difor ut mars med innstilte avgangar på morgon og kveld.

Pelinga frå lekter på Tømmervåg ferjekai er avslutta og arbeidet fortsett med boring av pelar frå land. Enno blir det jobba med stort utstyr som gjer at det ikkje kan gå ferjer frå kaia samtidig som det blir bora.

Endringar i ferjeruta i mars

Kvardagar:
Rundturane (tur/retur) frå Seivika kl. 0450 og 2330 blir innstilt.
Avgang frå Seivika kl. 0600 blir utsett til 0610.
Avgang frå Tømmervåg kl. 0630 blir utsett til 0640.

Laurdag:
Rundturane (tur/retur) frå Seivika kl. 0630 og 2330 blir innstilt.

Søndag:
Avgangen frå Tømmervåg kl. 2330 blir flytta 30 minutt fram til kl. 2300.

Betongarbeid frå april

Etter påske startar betongarbeida. Da skal tilleggskaia (piren) bli lengre og breiare for å kunne ta imot dei nye ferjene i sambandet. Støypinga skjer oppå den gamle tilleggskaia. Ho blir riven frå undersida når den nye tilleggskaia er ferdig.
Betongarbeida skaper ikkje hindringar for ferjene. Ferjene skal etter planen gå som normalt frå april og til kaiene er ferdig i haust. 

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00