Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Ferge: Sambandet Molde-Vestnes stengt natt til laurdag og natt til søndag

På grunn av nødvendig arbeid blir det stopp på sambandet Molde-Vestnes frå fredag 19. mars ca kl. 23.00 til laurdag morgon kl. 06.30 og frå laurdag 20. mars ca kl. 23.00 til søndag morgon kl. 06.30. Dette melder Statens vegvesen.

Etter at ein sylindar på kaia havarerte måndag 1. mars på morgenen vart denne skifta, men Statens vegvesen har kome fram til at det også er behov for å skifte ut toppar på heisetårna og bytte sylinder også på sjøsida. Det er ikkje mogleg å gjere dette arbeidet samtidig som ferja går i rute. Sidan Molde-Vestnes er eit av landets mest trafikkerte samband, må reparasjonane foregå i løpet av to netter komande helg.

 

Fredag 19. mars:

Siste avgang frå Vestnes: 22.25

Siste avgang frå Molde: 22.45

 

Laurdag 20. mars:

Første avgang frå Vestnes: 06.05

Første avgang frå Molde: 06.50

 

Siste avgang frå Vestnes: 22.25

Siste avgang frå Molde: 22.45

  

Søndag 21. mars:

Første avgang frå Vestnes: 06.05

Første avgang frå Molde: 06.50

 

Laurdag og søndag på dagtid, går ferjene som normalt. 

Reiseplanleggaren på frammr.no og i FRAM-appen er oppdatert med riktig ruteinformasjon.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00