Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Ferdig med nattarbeid på Kvanne - ferje og buss går som normalt

Nattarbeidet på Kvanne ferjekai er ferdig for denne gongen. Det blir ikkje støy natt til måndag og tysdag neste veke. Det betyr også at ferja kan gå tilbake til 10 minutts overfartstid og vanleg rutetilbod. Bussavgangane vil også gå som normalt, utan innstillingar.

Reiseplanleggaren på nettsida og i FRAM-appen viser oppdatert reiseinformasjon. 

Ny arbeidsperiode i august

Sikringa av sjøbotnen som skal hindre ytterlegare utvasking frå ferjene startar i slutten av august. Massen som ligg på sjøbotnen i dag må fjernast og erstattast før 42 betongmadrassar som kvar veg 9,8 tonn blir lagt utover botnen for permanent sikring. Både trafikantar og naboar blir varsla når dato for oppstart på arbeidet i august er klar.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00