Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Feil i billetteringa via Gaupeflåget torsdag 1. februar

Torsdag 1. februar skjedde det ein feil i billetteringa for deg som reiste via Gaupeflåget, på vegen frå Ålesund til Molde/Kristiansund. Feilen blei retta same dag, men førte til at billetten tok med ein ekstra ferjestrekning for nokon. Vi beklagar!

Billett i FRAM-appen

For å få refundert det du betalte for mykje, kan du bruke dette kontaktskjemaet om du kjøpte billetten i FRAM-appen. Det er viktig at du legg ved dokumentasjon for kjøpet, kvitteringa for billetten fikk du sendt på e-post etter du kjøpte billetten om du huka av for det.

Billett frå bussen

Kjøpte du billetten direkte på bussen, kan du fylle ut dette refusjonsskjemaet først, lagre det, og send det inn gjennom dette kontaktskjemaet til FRAM Kundesenter. Det er viktig at du legg ved dokumentasjon for kjøpet av billetten, altså kopi av billetten.

FRAM Kundesenter
Telefon: 71 28 01 00

Org. nummer:
944 183 779

Opningstidene
Kvardag: 08.00-21.00
Laurdag: 09.00-18.00
Søndag: 10.00-21.00