Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Fare for streik i transportsektoren frå søndag 11.april

Viss partane ikkje kjem til einigheit, kan tilsette i transportsektoren bli tatt ut i streik frå søndag 11. april. Dette vil ramme buss- og ferjetilbodet i Møre og Romsdal som beskrive nedanfor.

All ordinær busstrafikk innstilt, bortsett frå i området Rauma, Vestnes og Skåla

Alle ordinære bussavgangar blir innstilt i dei fleste områda i fylket. Unntaket er Rauma, Vestnes og Skåla der bussane blir køyrt av Veøy Buss som ikkje blir tatt ut i streik.

Desse busslinjene vil køyre som normalt: 245, 247, 420, 423, 424, 428, 429, 482, 483, 487.

Skoleskyss

Skoleskyss blir ramma i dei områda der det er streik. Kommunane vil få direkte informasjon om kva som gjeld for deira område.

Individuelt tilrettelagt transport

FRAM forventar at individuelt tilrettelagt transport går som normalt sjølv om det blir streik. Skolane vil få informasjon om eventuelle endringar i denne transporten.

Ferje

For ferje vil nokre av ferjene i visse samband bli tatt ut som følgje av streiken:

  • Halsa – Kanestraum: alle avgangar med C-ferja blir innstilt
  • Hareid – Sulesund: alle avgangar med C-ferja blir innstilt
  • Seivika – Tømmervåg: alle avgangar med B-ferja blir innstilt
  • Magerholm – Sykkylven: alle avgangar med B-ferja blir innstilt
  • Molde – Vestnes: alle avgangar med B ferja blir innstilt
  • Solevågen – Festøya: alle avgangar med C-ferja blir innstilt

Hurtigbåt

Ingen av hurtigbåtane i Møre og Romsdal vil bli ramma av streiken, så dei vil gå som normalt. Også Kystekspressen mellom Kristiansund og Trondheim vil gå som normalt.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00