Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

FRAM introduserar FRAM Student

For skoleåret 2020-2021 set FRAM i gong eit prøveprosjekt med billettproduktet FRAM Student – ein periodebillett for studentar opp til 30 år. FRAM Student vil koste 500 kronar for 30 dagar og gir fri reise på buss, hurtigbåt og ferje i Møre og Romsdal i skoleåret.

Vilkåra for å kunne kjøpe FRAM Student er dei same som for studentrabatt elles, dvs. at den reisande må ha gyldig studentbevis og kvittering for betalt semesteravgift.

FRAM Student vil vere tilgjengeleg i FRAM-appen og for reisekort. Første moglege bruksdato er 17. august 2020.

Frå før har vi periodebilletten FRAM Ung som gjeld fram til du fyller 25 år, men no får og studentar mellom 25 og 30 år moglegheit til å reise kollektivt til ein rimeleg pris i heile Møre og Romsdal. Vi håper dette fører til at fleire studentar vel å reise kollektiv.

FRAM Student vil i første omgang vere tilgjengeleg i en prøveperiode skoleåret 2020-2021. Det vil deretter bli ei evaluering for å vurdere om dette skal bli eit permanent tilbod.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00