Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Endringar rute 650, 662 og 664 Ellingsøya og Giske frå 8. januar

Frå måndag 8. januar blir dei tre rutene justert på kveldstid, slik at dei blir betre tilpassa kolonnekøyringa.

Vi ser at vi må berekne noko lengre tid gjennom tunellane, og for å fortsatt få ei effektiv bussframføring, gjer vi nokre endringar i avgangstider og korrespondansar.

Endringane gjeld alle avgangar etter kl. 20.00.

Dette blir endra:

  • Korrespondanse mellom rute 662 og 650 på Kverve går ut. Buss 650 mellom sentrum og Ellingsøya tar ikkje lenger omsyn til korrespondanse med 662 på Kverve. Det blir eit unntak frå dette: avgang rute 662 frå Moa kl. 20.15 vil korrespondere med rute 650 på Meierikaia kl. 20.40. Reisande til Ellingsøya må bytte til rute 650 på Meierikaia.
  • Tidene for rute 664 frå Ytterland til Giske vil bli tilpassa endringane i rute 662.

For oppdaterte avgangstider, sjå frammr.no eller mobilappen FRAM.

FRAM Kundesenter
Telefon: 71 28 01 00

Org. nummer:
944 183 779

Opningstidene
Kvardag: 08.00-21.00
Laurdag: 09.00-18.00
Søndag: 10.00-21.00