Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Endringar i rutetilbodet for buss fleire stadar i fylket frå 23. og 30. august 2021

I samband med skolestart blir det endringar i busstilbodet fleire stadar i fylket. Dei viktigaste endringane er beskrive nedanfor.

I tillegg til dei endringane som er beskrive, kan det vere andre, små justeringar som ikkje er lista opp.

Reiseplanleggaren på nettsida og i FRAM-appen viser oppdatert reiseinformasjon. Du finn oppdaterte tabellar i PDF-format under Rutetabellar.

Ålesund kommune

Justeringar på linje 647 Humla: 

  • Avgang frå Moa kl. 12.10 flyttast til kl. 12.25
  • Avgang frå Humla kl. 12.30 flyttast til kl. 12.45
  • Avgang frå Moa kl. 13.10 flyttast til kl. 13.20
  • Avgang frå Humla kl. 13.30 flyttast til kl. 13.40

Giske kommune

Nedlegginga av ungdomsskolen på Godøya har ført til store endringar i behovet for skoleskyss. Desse endringane påverkar annan busstrafikk i området. Det er størst endringar på Giske og Godøya, men det er og nokre endringar på Valderøya og Vigra. 

Her er dei viktigaste endringane: 

  • I forbindelse med at ungdomsskoleelevane skal gå på Valderøya, er det sett opp nye skoleruter; ein som går frå Juv 07.20 via Godøy skule og ein frå Giske rundkjøring kl. 07.30 til  Valderøy ungdomsskole.

    Merk at elevar frå Alnes skal bruke rutebussen kl. 07.15 og bytte buss ved Godøy skule. Grunnen til dette er at det ikkje er mogleg for skolebussen å snu på Alnes.

    Heim frå skole går bussen ti minutt etter skoleslutt.

  • Nokre avgangar med få reisande er tatt vekk på kveld og helg, blant anne avgangen med linje 671 Ålesund-Valderøya-Vigra kl. 00.30 frå Ålesund til Valderøya på kvardagar. Avgangen med linje 675 Ålesund-Godøya kl. 21.34 frå Ytterland til Godøya er fjerna på sommaren.
  • For betre korrespondanse mellom bybuss frå Moa og bussane til Giske kommune, er avgangane frå Ålesund rutebilstasjon utsett med 5-15 minutt måndag til laurdag på kveldstid og heile dagen søndag.

Sunnmøre Sør

  • Små justeringar på fleire linjer. Bruk reiseplanleggaren eller sjå PDF-tabellar for oppdatert ruteinformasjon.

Kristiansund, Averøy, Aure

Averøy

  • Linje 501 Kristiansund-Bruhagen-Hoset-Kårvåg vil køyre Langveien til og frå Kristiansund trafikkterminal på alle turar. Det medfører endringar på ein del avgangstider, og det er også endring i køyretid for nokre strekningar på Averøya.
  • I samband med endringane på linje 501 er korresponderande linjer blitt justert slik at overgangane blir riktige.
  • På Bruhagen barneskole, Bodalen friskole og Utheim skole har timeplanen blitt justert. Som følge av det har nokre avgangar fått endra dagkoder (kva dagar bussen går).
  • Avgangane med linje 501 frå Bruhagen kl. 20.40 og frå Kristiansund trafikk terminal kl. 21.30 er blitt innstilt av økonomiske grunnar. Desse avgangane hadde i snitt 1-2 passasjerar per tur.

Kristiansund

  • Oppdatert 23.08.21: Avgang frå Straumen kl 07.05 på skoledagar har ny avgangstid 06.55 og skal gå via Ersnes.
  • Linjene 801 Løkkemyra-Kristiansund lufthavn og 802 Dale-Kristiansund lufthavn har fått nye avgangstider slik at korrespondansen på flyplassen er betre.
  • Linje 807 Nordlandet-Innlandet-Øvre bydel får 5 minutt seinare avgangstid på alle turar.
  • For linje 812 Kristiansund sentrum-Godhaugen-Storbakken-Flatøy er avgangstidene frå Kristiansund trafikkterminal litt justert mellom 10.00 og 15.00.

Merk her særleg at bussen til Kanestrøm har endra avgangstid og skal køyre via Bolga.

Aure

Det er små justeringar for alle busslinjene på Aure. Justeringane skyldast endringar i timeplanen til skolane. Det er avgangstider og dagkoder som er endra. Sjå særleg linje 823 som no berre køyrer frå Ålmo til Gjerstad og så til Aure. Resten av ruta er lagt inn i den lukka skoleruta 820.

Hustadvika

Frå 23. august blir det betre bussforbindelse mellom Eide og Elnesvågen og fleire avgangar mellom Eide og Molde, inkludert eit kveldstilbod.

Samkøyring av linje 532 og linje 510 og ny linje 512 Averøy-Eide-Elnesvågen

I nytt ruteopplegg blir det meste av parallellkøyringa på strekningen Sylte-Molde tatt vekk for å gjere det mogleg å få til fleire avgangar totalt. Dette, i tillegg til fleire avgangar mellom Elnesvågen og Eide med ny busslinje 512, gir innbyggarane i Hustadvika eit forbetra kollektivtilbod. 

Skole- og pendlarrutene går direkte som før

Skole -og pendlarrutene på linje 510 er uendra, og vil som før køyre direkterute mellom Eide/Kårvåg og Molde. Nye avgangar mellom Elnesvågen og Eide vil gi betre moglegheit for heimreise frå Fræna vidaregåande skole ved tidleg skoleslutt.

 Direktebussar

  • 07.25, 15.10 og 16.00 frå Molde til Kårvåg 
  • 08.15 og 10.00 frå Molde til Eide 
  • 06.45, 08.50 og 14.20 frå Kårvåg til Molde 
  • 06.15 frå Vevang til Molde 
  • 07.20 og 14.05 frå Eide til Molde  

Utsett avgang ved skoleslutt:

Avgang frå Molde er utsett frå kl. 15.00 til 15.10. Dette er gjort for at elevar ved Molde vgs skal nå bussen utan å måtte gå tidleg frå undervisninga. 

Knutepunkt ved Sylte skule

Busslomma ved Sylte skule blir knutepunktet der bussane til og frå Molde, Eide og Elnesvågen møtast. Bussane til og frå Eide vil bli tilpassa linje 532. Når det ikkje er direktebuss frå Eide, blir det bussbytte ved Sylte skule. Det blir kort ventetid, og passasjerar til/frå Eide vil kunne sitte inne i bussen til korresponderande buss kjem. 

Tilbodet til Atlanterhavsvegen og Kårvåg

Samanlikna med dagens rutetilbod vil det bli færre avgangar som køyrer til Kårvåg, på grunn av lave passasjertal. FRAM vil sjå på moglegheita for å sette opp ei eiga sommarrute til Atlanterhavsvegen.  

Rauma, Vestnes, Skåla

Rauma

  • Linje 429 Rødven-Lerheim vil ikkje lenger køyre via Norvika.
  • Linje 428 Åfarnes-Vistdal: endra avgangstid på turen kl. 13.10 frå Oppdal (13.00 frå skolen).
  • Linje 423 Åndalsnes-Isfjorden: nokre endringar i dagkoder, dvs. kva dagar turane går, og endra avgangstid for turen frå skolen kl. 13.00. 

Vestnes

  • Linje 247 Vestnes-Vikebukt-Tresfjord-Vestnes: eigne onsdagsvariantar er tatt vekk og er innlemma i tilsvarande turar som går alle kvardagar.
  • Linje 245 Rekdal-Vestnes:
    • eigne onsdagsvariantar er tatt vekk og er innlemma i tilsvarande turar som går alle kvardagar.
    • Avgangen kl. 07.40 frå Rekdal skal no køyre via Furneset ferjekai (ankomst kl. 08.20). Det vil ikkje lenger vere påstgingsavgrensingar på denne turen. Ankomst Vestnes 08.30. 

Skåla

  • Linje 487 Skålasenteret-Kortgarden vil ikkje lenger køyre gamlevegen på Solemdalen om ettermiddagen.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00