Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Endringar for rute 821 Kristiansund-Tustna-Aure-Kjørsvikbugen frå 18. november

Frå måndag 18.11.19 til 01.01.20 vil det vere endringar for rute 821 Kristiansund-Tustna-Aure-Kjørsvikbugen.

På avgangen klokka 12.35 frå Kristiansund vil avgangen frå Sør-Tustna skole bli endra til kl. 13.40 på skoledagane. Bussen vil vente på elevane i 10 minutt ved skolen, og resten av rutetidene på avgangen blir skyvd med 10 minutt.

På avgangen klokka 08.00 frå Kjørsvikbugen vil tidene fram til Aure bli endra med 5 til 10 minutt på skoledagane. På skolefrie dagar vil avgangen køyre kl. 08.10 frå Kjørsvikbugen. Frå Aure vil rutetidene vere like som i dag.

Oppdatert ruteinformasjon kan du finne i reiseplanleggaren, FRAM-appen og rutetabellen i pdf-format. Eller du kan ringe FRAM Kundesenter på telefon 71 28 01 00.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00

Her kan du finne tidene for jula.