Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Endra tilbod for bussrute 503 Kårvåg-Kvernes-Bruhagen-Kristiansund (indre) når Hagabrua er stengd

Når fylkesveg 247 stenger ved Hagabrua, vil bussrute 503 Kårvåg-Kvernes-Bruhagen-Kristiansund (indre) bli noko endra. Endringane gjeld frå fredag 16. februar kl. 17.00 til og med søndag 25. februar.

Bussane vil køyre mellom Stenekrysset-Bruhagen og Kornstad-Kårvåg, med nesten same rutetider som dei ordinære tidene. Dette vil ikkje påverke skolerutene, sidan stenginga skjer i vinterferien til elevane.

Oppdaterte rutetider kan du søke etter i reiseplanleggaren på frammr.no og i FRAM-appen.

FRAM Kundesenter
Telefon: 71 28 01 00

Org. nummer:
944 183 779

Opningstidene
Kvardag: 08.00-21.00
Laurdag: 09.00-18.00
Søndag: 10.00-21.00