Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Ellingsøytunnellen stengd i helga - unntak for buss

I helga blir Ellingsøytunnelen heilt stengd frå fredag 20. april kl. 24 til søndag 22. april kl. 20. Valderøytunnelen blir ikkje stengd. Der blir det kolonnekøyring kl. 20-06 som vanleg.

Dei 10 000 som dagleg køyrer gjennom Ellingsøytunnelen har tre alternativ i helga:

  • Køyre rundt på fylkesveg 107 via Digernes og Stette
  • Ta buss. Flybussen og rutebuss slipp gjennom tunnelen, sjekk rutetider på www.frammr.no 
  • Ta hurtigbåt, sjekk rutetider på www.frammr.no 

Betre og billigare kollektivtilbod
Kollektivtilbodet blir styrka denne helga.

  • Alle hurtigbåtavgangar frå Godøya i tidsrommet 09.50 til 20.20 går via Valderøya til Ålesund. Avgang frå Valderøya 10 minutt etter avgang frå Godøya (Valkvæ.) Alle hurtigbåtturar frå Ålesund går som normalt, dvs. Ålesund – Valderøya – Godøya.
  • Laurdag er det barnetakst for voksne på rute 650 fra Ellingsøya til sentrum. Det blir også fleire avgangar enn ved forrige tunnelstenging. Flybussen opnar for lokaltrafikk denne helga. Oppdaterte rutetider finn du på www.frammr.no
  • Det blir gratis nattbuss natt til søndag kl. 01.00 frå Ålesund sentrum gjennom Ellingsøytunnelen til Stette i forbindelse med nattevandringa til Aksla.
  • Natt til søndag blir det ekstra hurtigbåt frå Skateflukaia kl. 01.15 til Valderøya og frå Skateflukaia kl. 01.35 til Valderøya og Valkvæ. Passasjerane reiser gratis på desse avgangane.

FRAM Kundesenter
Telefon: 71 28 01 00

Org. nummer:
944 183 779

Opningstidene
Kvardag: 08.00-21.00
Laurdag: 09.00-18.00
Søndag: 10.00-21.00

Her kan du finne opningstidene i jula