Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Ellingsøya: Alternativ køyrerute for linje 673 og 674 frå 1. januar

Busslinje 673 Ålesund – Ellingsøya og 674 Ellingsøya – Ålesund vil frå 1. januar køyre alternativ rute på Ellingsøya. Bussane vil køyre fylkesvegen i staden for den kommunale vegen mellom Bjørgekrysset og Myklebust.

Ved Vik skole vil bussen retning Stokke køyre inn til skolen for at ungane ikkje skal måtte krysse fylkesvegen for å ta bussen.

Endringa blir gjort fordi det fleire stader er kraftige greiner på trær som treff bussen på begge sider under køyring, noko som gjer det uoversiktleg og utrygt å køyre der.

Normalruta går langs kommunal veg og Ålesund kommune er varsla om problemet. Blir situasjonen utbetra, kan bussen igjen køyre sin normale rute.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00