Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Elevane som kan, bør bruke andre transportmiddel enn skolebussen

På grunn av smitteverntiltak, har skolebussane berre plass til halvparten av passasjerane dei har til vanleg. Elevane må sitte med ein meters avstand frå kvarandre, på oppmerka sitte- eller ståplassar.

Vi oppfordrar derfor dei elevane som kan, til å gå eller sykle til skolen. Å bli køyrt av foreldre er ei anna løysing.

I den nasjonale rettleiaren for kollektivtransporten står det at elevane, der det er mogleg, ikkje skal bruke offentleg transport, med mindre dei ikkje har andre alternativ. 

Det kan dessverre oppstå situasjonar der sjåføren må avvise elevar. Dette kan sette elevar og sjåførar i ein vanskeleg situasjon, der ein enten må bryte smittevern eller la elevar stå att på haldeplassen, og ikkje komme seg på skolen.

Det er ikkje mogleg å sette inn ekstra bussar for å dekke skoleskyssbehovet. Og vi håper at foreldre og elevar tilpassar seg situasjonen.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00