Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Ei trygg og triveleg reise for alle

Vi ønsker at det skal vere triveleg å reise med FRAM og at du skal føle deg trygg når du reiser kollektivt. Det er fleire ting du kan gjere for å bidra til ei trygg og triveleg reise for alle!

Ta omsyn til dine medreisande

Når du reiser kollektivt, ber vi om at du oppfører deg slik at du ikkje er til sjenanse for andre reisande. Viss alle viser omsyn, blir reisa triveleg for alle og sikkerheita om bord blir tatt vare på.

Slik kan du bidra:

  • Unngå å søle og rote
  • Vis omsyn når du pratar i telefonen – og når du høyrer på musikk
  • Bruk setebelte der dette er tilgjengeleg

Gå ikkje over vegen før bussen har køyrt

Ver varsam når du skal krysse vegen etter å ha gått av bussen.

Så lenge bussen står på haldeplassen, er det vanskeleg for møtande trafikk å sjå deg, og du har ikkje oversikt over trafikkbiletet.

Vent til bussen har køyrd og sjå deg godt om til begge sider før du kryssar vegen.

Vis at du skal på bussen

Det kan vere vanskeleg for sjåføren å sjå deg på haldeplassen. Viss du står og fiklar med mobiltelefonen eller snur deg vekk frå bussen, er det ikkje lett for sjåføren å vite om du vil vere med.

Du kan gjere det enklare for sjåføren ved å:

  • ­ Strekke ut arma når bussen nærmar seg
  • ­ Bruke refleks på arma når det er mørkt

Velkommen om bord på bussane, ferjene og hurtigbåtane til FRAM.

God tur!

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00

Her kan du finne tidene for jula.