Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Bussane vil fortsette å køyre som i dag etter opninga av flyplasskrysset i Kristiansund

Etter opninga av det nye flyplasskrysset i Kristiansund vil bussane fortsette å køyre som i dag, utan å stanse ved krysset. Haldeplassen ved Seivikakrysset vil i tillegg fortsette å bli brukt til av-/påstiging for bussane, og overgangen mellom bussen og drosje til/frå flyplassen i Kristiansund vil fortsette ved drosjestoppet ved Futura.

Drosje vil køyre mellom Futura og flyplassen

Mellom Futura og flyplassen vil drosje fortsette å køyre for rutene FRAM Ekspress 100 Volda-Ålesund-Molde-Kristiansund, 901 Oppdal-Sunndalsøra-Kristiansund, 905 Trondheim-Kristiansund og 821 Aure-Tustna-Kristiansund. Be sjåføren om å bestille overgang, du betalar berre ordinær busstakst for drosjen.

Bruk rute 802 Dale-Lufthavna-Vikan

Frå flyplassen i Kristiansund kan du reise med rute 802 Dale-Lufthavna-Vikan til haldeplassen ved Futura for overgang til eventuelt anna rute. Rutene 821, 901 og 905 køyrer ikkje frå flyplassen.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00

Merk! Eigne tider i påska.