Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Bussane i Møre og Romsdal: kapasitetsutnytting og smittevern

Frå 8. juni opna vi for at bussane igjen kunne køyre med full utnytting av kapasiteten, etter at det blei køyrt med 50 % kapasitet den første perioden med COVID-19. Beslutninga om opning blei tatt med bakgrunn i det låge talet på smitta i Møre og Romsdal.

Det er god plass på dei aller fleste bussavgangane i fylket, men vi har fått tilbakemelding på at enkelte avgangar har vore for fulle. Dette gjeld blant anna nokre bybussavgangar der det har vore mange ståande passasjerar og avgangar med langruter som opplevast som veldig fulle.

For bybuss har vi no bestemt at berre sitteplassane skal brukast. Den fremste seterada er framleis stengd. Når alle sitteplassane er i bruk, vil ikkje bussen ta på fleire passasjerar. Gjenståande passasjerar bes ta neste buss.

På langruter vil det vere opent for at alle sitteplassar kan brukast, med unntak av dei fremste seta som er avsperra.

FRAM ber alle passasjerar om å ta omsyn til sine medreisande, slik at det blir trygt å reise sjølv om alle seter er i bruk.

Ved fulle bussar blir det, så sant det er praktisk mogleg, sett inn ekstra materiell.

Desse retningslinjene gjeld framleis:

  • Ikkje reis kollektivt om du er sjuk, kan vere smitta eller er i ei risikogruppe.
  • Hald 1 meter avstand til andre reisande når du venter på buss eller hurtigbåt.
  • Vent med å gå om bord til alle har komme seg ut.
  • Unngå unødvendig fysisk kontakt.

Ha god hygiene, bruk armkroken eller papir om du må hoste eller nyse.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00