Billettering ved skiltgjenkjenning og nye prisar for ferje blir innført frå måndag 6. april. Dette vil gjelde for alle fylkesvegsamband inntil vidare.
Stortinget godkjente laurdag at billettering på ferje kan skje ved skiltgjenkjenning og at reisande som ikkje har AutoPASS for ferje knytt til sitt bilnummer, kan bli fakturert i etterkant.
For reisande som har AutoPASS for ferje vil billetten automatisk bli belasta denne avtalen/kontoen.
Samstundes er det vedtatt eit justert autopassregulativ som inneber at prisane er justert ned i høve det som først var føreslått. Pris for privatbil blir omtrent som i dag. For større køyretøy blir prisen noko lågare enn i dag. Beløpet som skal betalast inn på forskot blir og betydelig redusert.
For å få rabatt på ferjereiser, må det vere oppretta ein avtale om AutoPASS for ferje knytt til ditt bilnummer. Dette gjer du på nettsida til AutoPASS for ferje autopassferje.no.
Merk at det inntil vidare ikkje er behov for autopassbrikke i bilen på ferjesamband i Møre og Romsdal.
FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00
Org.nummer
944 183 779
Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00