Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Barnehagebarn kan reise gratis med bussane

Frå og med 1. januar kan barnehagane reise med bussane mellom kl. 09.00 og 13.00 utan å betale for billetten til barna.

Tilbodet gjeld for bussavgang etter kl. 09.00 og før kl. 13.00, alle kvardagar. Vaksne betalar vanleg billett for bussen.

Merk! Barnehagane treng å betale for ferje og bom om bussen køyrer med ferje eller gjennom bom på turen. Ferje og bom vil bli lagt inn i billetten på bussen.

Vi anbefaler barnehagane til å ha med barnesete til barnehagebarna som normalt bruker dette. Det er setebelte i alle bussane bortsett frå bybussane.

Meld inn til FRAM Kundesenter

Barnehagane som planlegg å reise på tur med bussen i ei større gruppe, treng å melde inn i god tid til FRAM Kundesenter. Merk! Seinast kl. 12.00 dagen før de skal reise.

Det vil gjere det enklare å planlegge avgangane slik at ingen som skal reise kollektivt blir ståande igjen ved haldeplassen for å vente til neste ledige avgang.

Vi treng å vite talet reisande, kva for rute de vil reise med og forventa avgang. Du kan melde inn gjennom kontaktskjemaet eller på telefon 71 28 01 00.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00

Merk! Eigne tider i påska.