Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

AutoPASS for ferje frå 1. januar

Frå og med 1. januar 2019 begynner betalingsordninga AutoPASS for ferje over heile landet.

I Møre og Romsdal kan du begynne å betale på ferjene med AutoPASS-ferjekort frå denne datoen. Ingen av sambanda i Møre og Romsdal vil vere klare for AutoPASS-brikke før i 2020.

Riksregulativet for ferjetakstar vil fortsatt bli følgt i 2019. Her kan du finne takstane i riksregulativet for ferje.

Overgangen

AutoPASS-ferjekort er eit betalingsmiddel på same måte som ferjekortet du har i dag. I overgangen frå verdikortet og storbrukarkortet som blir brukt i dag vil du kunne bruke korta ei stund til.

Verdikortet (privat) du allereie har frå reiarlaga kan du fylle til og med 31.03.19, og du kan bruke verdikortet til og med 30.06.19.

Storbrukarkortet (firma) vil bli forvalta som no til og med 31.01.19, og du kan bruke storbrukarkortet til og med 31.03.19.

Rabatten

I overgangen til den nye ordninga vil du fortsette få rabatt for reisene dine. 50 prosent rabatt for private køyretøy, 17 prosent for passasjerane, og 40 prosent rabatt for firma. Du kan betale manuelt med bankkort og kontantar på ferjene som tidlegare, men får da ingen rabatt.

Elbil

Elbilar vil ifølge riksregulativet for ferjetakstar få 50 rabatt av den ordinære taksten. Det vil si at om vanleg full pris for personbil er 100 kroner, vil elbil ha full pris på 50 kroner. I tillegg får du ytterlegare 50 prosent rabatt med AutoPASS for ferje-konto (40 prosent for firma).

Informasjon, lage avtale og bestille ferjekort

Du kan finne ytterlegare informasjon, svar på spørsmål, i tillegg til å lage ein avtale og bestille nytt ferjekort, ved å gå inn på nettsida som er laga om AutoPASS for ferje. Her kan du finne AutoPASS for ferje på nett.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00